Motor
HOVUDMOTOR | Volvo Penta D5 A-TA, 139 hk |
BYGGJEÅR | 2021 |
TIMETAL | 400 |
GIR | Sabb HVP 65 med PTO (2011) |
PROPELL | Helseth, nye vinger i 2011 |
SIDEPROPELLAR | Hydr.baugthruster Sleipner 240 kg SH240 U08 (montert oktober 2022) |
Kapasitet
LASTEKAPSITET | 4 m³ (3.10 tonn) |
DIESEL | 500 liter (to tankar) |
FERSKVATN | 150 liter |
Dekksutstyr
LINERIGGING | Linekveilar, dobbel setjar og stamptønne |
GARNRIGGING | 1 000 kg Petter-spel, Garnskjeve (Island), garnrull, Rapp Hydema garnstoppar. Garnrenner i glasfiber og aluminium |
JUKSARIGGING | 3 x BJ5000 m/utriggar samt angelvinsj frå Smådal. 2 x nye juksakontaktar |
CONTAINER | 5 x 310 liter plastkar, to med lokk |
BOM | Ikkje godkjend |
SLØYEBINGE | 3 x aluminium i ulike storleikar. Ein står på land. Denne vert brukt ved juksafiske |
Elektronikk
RADAR | Raymarine C120W m/kartplottar |
EKKOLODD | Furuno FCV 295 2 frek. 38/200 (2017) |
AUTOPILOT | Simrad/Robertson AP35 med Rate kompass |
VHF | Raymarin (2019) |
AIS | EM-Trak klasse B (2021) |
KARTMASKIN | Seiwa Marko |
GPS | Furuno |
DIV. ELEKTRONIKK | DAB-radio Sporingsutstyr, type Fangstr VMS kyst m/back up Ledbar i formast (ny) Lystkastar, Seematz 4 x nye dekkslys Kontaktar til lading av telefon og nettbrett i rorhus 220V forsyning frå omformar |
Sikkerhet
REDNINGSFLÅTE | Viking 4-manns |
REDNINGSDRAKT | Helly Hansen samt redningsvest |
DIVERSE | Pyroteknisk Jotron friflyt Sailor nødpeilesendar i rorhus 3 x røykvarslar Slukkingsampulle i maskinrom Lensealarm Hurtiglukking på dieseltilførsel Redningsbøye med lys Sikkerhetsline 40 kg anker med 1 lås Medisinkiste |
OM BÅTEN
Båten vart bygd som 31 fot, men sett inn ein seksjon midtskips ved Libra Plast i 1986, slik at den målte 35 fot. I 1989 vart det nygd på tverr hekk i glasfiber/sandwich ved Silver Plast, Midsund.
Ny motor, Volvo Penta D5 A-TA 139 hk montert i slutten av 2021 ved Gulliksen i Ålesund. Motor har pr. Desember 2022 gått 400 timar. Defa motorvarmer på motor. Alle eksosrøyr under dekk vart skifta ved motorbytte. Nytt gir i 2011, SABB HVP 65 med PTO. Helseth propell, nye propellvinger i 2011. Ny hydraulikkpumpe også montert i 2011. 24V lysanlegg , 1 stk dynamo 100A til forbruk ny 2021, 60A dynamo på motor til lading av startbatterier. 2 stk startbatterier, tilsaman 280 amperetimar, ny i 2020, 2 stk forbruksbatterier ,tilsaman 284 amperetimar, nye i 2021. Ny batteriladar til forbruksbatterier montert i 2021. Pyro oljeovn P22 montert i 1998. Kirk lensepumpe i lasterom (ny belg i 2021), Rule lensepumpe i maskin. Manuell lensepumpe i tørkerom på dekk
Oppgradering i 2022
Båten var på land ved Westplast i oktober 2022 og det vart då gjort mange oppgraderingar. Monterte slingrekjølar, defrostar, ny varmtvasstank, ny fenderlist og hydraulisk baugpropell, Sleipner 240kg SH240 U08. To stk Danfoss stikker, ein i rorhus og ein på dekk. Skrog og rekker slipt ned, og malt opp med to strøk Jotun og tokomponent topcoat. Også dekket vart oppmalt med tokomponent International maling i 2022. Alle bunnventilar sjekka, alle strømpar til manøvrering vart skifta, samt nye hendlar på dekk. Hydraulikkarbeid i samband med baugpropell utført ved Smådal Mekaniske. Omfattande oppgradering av det elektriske anlegget vart også utført i ved same høve. Ny omformar, nye sikringar, nye kablar og mange nye relè og brytarar vart montert. Ny vassstandsalarm installert. Alt arbeid vart gjort av elektrikar. Det vart berre nytta godkjend skipskabel. Sporingsutstyr er også montert, type Fangstr VMS kyst med back up. Ny stor og kraftig ledbar i formast, lyskastar på rorhustak (Seematz). 2 nye juksakontaktar på dekk, samt 4 nye led-lys på dekk. Stor Jabsco reimdrive spylepumpe, samt ei elektrisk spylepumpe ny i 2022. Har også lagt opp kontaktar til lading av telefon og nettbrett i rorhus, 220v forsyning frå omformar.
Godt halden båt som har vore på land kvart år for smøring og bytte av sink.
Tek utgongspunkt i at alle detaljar er korrekte, men kan ikkje garanterast.
Ta kontakt med Hummelsund Maritim AS om du ynskjer ytterlegare informasjon eller vil inspisere fartøyet.